Mange køyrde for fort på Vassenden

UP gjennomførte onsdag laserkontroll i 50-sona på E39 på Vassenden i Jølster.

Det blei skrive ut 25 forenkla førelegg for høg fart. Høgste målte fart var 72 km/t.

Det blei òg skrive ut eitt gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Tidlegare onsdag sjekka UP-patruljen 74 førarar for mogleg ruspåverka køyring. Også dette var på Vassenden. Alle var edru.