Illustrasjonsfoto. Foto: Kari Hamre/NPK.

Mange katteeigarar forstår ikkje ansvaret

No er kapasiteten er sprengd for Dyrebeskyttelsen. Årsaka er heimlause kattar.

– Kvar einaste sommar er det katteeigarar som reiser vekk frå katten sin, seier Live Kleveland, kommunikasjonsleiar og jurist i Dyrevernsalliansen til NRK Trøndelag.

Styreleiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Sør-Trøndelag, Anita Fossdal, ber katteeigarar ta ansvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fleire av dei er skadde. Dei haltar og er underernærte. Vi gjer vårt beste, men no er kapasiteten vår sprengd seier ho.

Kleveland hevdar det er mange uansvarlege katteeigarar. Ho trur mange gløymer pliktene som følgjer med etter ein har skaffa seg ein katt.

– Ein burde vere klar over at ein aldri meir kan ta ei spontan reise, utan at nokon passar på katten, seier ho.

(©NPK)