Manar til å bruke sunt vit
- Det er veldig tørt i sørvende bakkar der sola har teke og snøen forsvunne heilt, seier brann- og beredskapssjef Kjell Aske i Gloppen kommune.
Måndag sende Meteorologisk institutt ut gult farevarsel for skog- og lyngbrannfare i Vestland fylke.
- Ein må vere obs, no er all lauvskog brennbar, seier Kjell Aske og legg til at der det er bert kan kratt og lyng vere i ferd med å tørke ut, medan snødekte område er mindre utsette for brannfare.
Han oppmodar publikum om å tenkje seg godt om før ein gjer opp eld utandørs.
- Ein må sjå kring seg og tenkje konsekvensar. Ein er alltid ansvarleg for eigen bruk av eld, understrekar han.
At elveløp og bekkar er tilfrosne, kan skape utfordringar for brannmannskapa om eld kjem på avvege.
- Når vasskjeldene er frosne, må vi køyre alt vatn til, seier Aske og minner om ein annan potensiell negativ konsekvens av bålbrenning i det kalde og stabile vintervêret:
- Når det er høgtrykk som no, legg røyken seg gjerne på bakken. Det er òg eit omsyn ein må ta.