Har sendt ut gult farevarsel
Meteorologisk institutt har sendt ut eit gult farevarsel for Vestland om lokal gras- og lyngbrannfare.
– Lokal gras- og lyngbrannfare i snøfrie område inntil det kjem nedbør av betydning, skriv meteorologane.
Vidare heiter det at vegetasjon lett kan bli antend:
Annonse
- Store område kan bli råka. Ikkje bruk open eld. Følg instruksjonar frå lokale myndigheiter.