Frå ein tidlegare flaum i Sandane sentrum. Arkivfoto.

– Må bli betre til å førebygge skader frå flaum og skred

Skader frå flaum- og skredhendingar kostar samfunnet mykje. Ei ny tilskotsordning er eitt av fleire grep NVE tar for å betre samfunnet si evne til å førebygge skader frå flaum og skred.

Kommunar kan søke NVE om økonomisk støtte til kartlegging av kritiske punkt som kan føre til at bekker og bratte vassdrag fløymer over. Tysdag 30. januar vart tilskotsordninga lansert. Same dag starta NVE ein ny runde med fylkesvise fagsamlingar der offentleg forvaltning og konsulentar lærer meir om å førebygge skader frå flaum og skred.

- Klimaendringane vil i framtida gi auka ekstremnedbør og styrtregn. Ei av utfordringane i dag er at kommunane ikkje har god nok oversikt over utsette enkeltpunkt i sine vassdrag. Ved å kartlegge desse kritiske punkta får kommunane eit grunnlag for å vurdere førebyggande tiltak, også ved beredskapssituasjonar, fortel direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE, Anne Britt Leifseth.

Kritiske punkt kan vere tekniske inngrep, til dømes bruer og lukka bekker, eller naturgitte forhold som til dømes innsnevring av bekke- og elveløp eller grunne parti etter masseavlagring.

- Tilskot til kartlegging av slike kritiske punkt er eit nytt og viktig tiltak. Oversikt over kritiske punkt kan bidra til at det blir gjort nødvendige tiltak, og at risikoen for skader vert redusert, seier Leifseth.

Les meir om tilskot til kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag

Fagsamlingar for kommunar og konsulentar
NVE startar no opp ein ny runde med fylkesvise fagsamlingar for å sette kommunar og andre aktørar betre i stand til å førebygge flaum- og skredskader. Den første er i Sogn og Fjordane (Skei i Jølster) og ytterlegare seks slike samlingar vil bli arrangert i 2018. Samlingane held fram i 2019 slik at alle fylke til slutt er dekt. Førre tilsvarande runde gjekk på flaum- og skredfare i arealplanlegging. Denne gongen fokuserer vi på mindre vassdrag og korleis vi saman kan arbeide med handtering av vatn og vassdrag i tettbygde område.

NVE forbetrar ei rekke tiltak for gjere det enklare for samfunnet å førebygge skader

- Alle som arbeider med naturhendingar må bli flinkare til å førebygge skader frå flaum og skred. Det skal vi klare ved å bidra til auka kunnskap hos kommunar og i bransjen, sette ut fleire kartleggings- og sikringsoppdrag til bransjen, utvikle rettleiingsmateriell og skape gode læringsarenaer, seier Leifse