Johannes Thingnes Bø fekk Flikk.

Lokale aktørar bak ny smarthus-satsing

I desse dagar lanserer SFE nytt smart hus-produkt på den nasjonale marknaden. Med seg på laget har dei mellom andre Rocketfarm og Johannes Thingnes Bø.

– Produktet blir lansert under namnet Flikk, og skal gi auka tryggleik, komfort og energisparing. No gler vi oss til å sjå responsen frå marknaden, seier marknadssjef i SFE Kraft, Christin Aare Vabø.

Flikk er eit app-basert system for avansert styring av temperatur, lys og energibruk. Innan få veker vil Flikk i tillegg ha med seg automatiske dørlåsar, innbrots- og brannvarsling med kopling til døgnbemanna vaktsentral.



– Mange tenkjer at smarthus ikkje er for dei, men vi trur denne type løysingar etter kvart vil bli allemannseige. Ein kan enkelt og rimeleg montere i gamle som nye hus, hytte eller leilegheiter og dei fleste vil klare å setje det opp sjølv, seier Vabø.

App utvikla i Sogndal

For å gjere produktet så enkelt som mogleg for kunden, har SFE involvert eit anna lokalt selskap, Rocketfarm frå Sogndal. Saman har SFE og Rocketfarm utvikla appen som kundane skal styre smarthus-løysinga frå.

– Flikk er både avansert og enkel på same tid. Det ligg ein avansert og verdsleiande teknologi i botnen – vår oppgåve har vore å gjere det lett for kunden å både installere og bruke denne, gjennom appen vi har utvikla. Vi har fått skikkelig sansen for Flikk, og trur den vil gjere det godt på marknaden, seier Aslak Os, dagleg leiar i Rocketfarm.

Thingnes Bø som ambassadør

Produktet blir lansert på marknaden i desse dagar, og til å fronte denne nasjonale satsinga har dei med seg Johannes Thingnes Bø. Sjølv har Thingnes Bø nettopp installert Flikk på den nye hytta si på Sjusjøen.

-  Det er kjekt å vere med å fremje eit slik innovativt og spennande produkt, som i tillegg er utvikla i heimfylket mitt. Det er ganske kult når hytta forstår korleis eg vil ha ting, og spesielt viktig er nok informasjonen og kontrollen Flikk gir meg når eg er så mykje på reise, seier Thingnes Bø.

Meir i vente

Marknadssjefen i SFE ser fram til å få produktet dei har jobba med i lang tid ut på marknaden, og har store tankar om framtida til Flikk.

-  Det vi lanserar i dag er bare starten. Det er berre fantasien som set grenser for kva eit produkt som Flikk kan omfatte av ting som gjer heimen smartare, tryggare og meir komfortabel. Vi har jobba lenge med utvikling og har ei lang liste med nye komponentar og funksjonar som kjem etter kvart, avsluttar Aare Vabø.

Flikk er eit app-basert system.