Utsikt frå toppen av Loen Skylift. No har selskapet vunne ein logo-strid med Voss Gondol. Foto: Erik Johansen/NTB/NPK.

Loen Skylift vann logo-strid mot Voss Gondol

Selskapet Voss Gondol blir nekta å bruke sin eigen logo framover. Bergen tingrett meiner han er for lik logoen til Loen Skylift.

Loen Skylift saksøkte Voss Gondol tidlegare i fjor, fordi dei meinte at logoen til konkurrenten var for lik. No har dei vunne fram i Bergen tingrett, skriv E24.

I dommen blir Voss Gondol nekta å bruke logoen framover. I tillegg må selskapet betale 1,6 millionar i erstatning til Loen Skylift, pluss 641.000 for sakskostnader til Loen Skylift.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje grunnlag for ein slik dom. Det er inga etterlikning der. Vi er overraska og skuffa. Eg trur ikkje siste ord er sagt, seier dagleg leiar i Voss Resort, Øyvind Wæhle.

Han seier dei vurdere å anke.

I Stryn kommune er stemninga derimot betre.

– Dommen er gode nyheiter for alle gründerar som tek jobben og belastninga, med opp- og nedturane, ved å gjere ting nytt og skikkeleg, seier dagleg leiar Richard Grov i Loen Skylift.

(©NPK)

Voss Gondol må stoppe å bruke logoen sin. Bergen tingrett meiner den er for lik logoen til Loen Skylift. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.