Bjørn Lødemel er vraka av nominasjonsnemnda.

Lødemel vraka av nominasjonsnemnda

Nominasjonsnemnda i Høgre har vraka stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og går for Frida Melvær frå Askvoll.Lødemel har likevel ikkje gjeve opp kampen.

Fylkespartiet har gjennomført to høyringsrundar hos lokalla der samtlege 26 har gjeve tilbakemelding. Det har danna grunnlaget for nominasjonsnemnda si innstilling. I tillegg har nomasjonsnemnda gjennomført intervju med dei fire øvste kandidatane og Bjørn Lødemel som likevel ikkje rakk opp.

Samrøystes

Innstillinga var samrøystes. Det seier også sitt om manglande tillit til Bjørn Lødemel. Under høyringa gjekk berre elleve av lokallaga inn før Lødemel som toppkandidat. Gloppen Høgre hadde ikkje Lødemel på lista i det heile.
I løpet av prosessen sigla Frida Melvær frå Askvoll opp. Ho signaliserte i starten at ho ikkje ville utfordre Lødemel, men har endra syn.

29. oktober

I ei pressemelding meiner nominasjonsnemnda å ha funne dei beste kandadatane og samrøystes kome med si innstilling der kjønn, alder og geografi har vore vektlagt.
Nominasjonsmøtet i Høgre vert avvikla på Thon Hotell på Skei 29. oktober. Leiar i nomnasjonsnemnda har vore Arlene Vågene frå Flora.





Innstillinga

Dette er framlegget frå nominasjonsnemnda:
1. Frida Melvær, Askvoll
2. Bjørn Hollevik, Flora
3. Sven Flo, Stryn
4. Lise-May Sæle, Unge Høgre, Balestrand
5. Morten A. Hagen, Vågsøy
6. Anne Lilleaasen, Gaular
7. Arnt Hovland Munthe, Senior Høgre, Sogndal
8. Eli R. Førde Aarskog, Eid
9. Karin Vikane, Sogndal
10. Olve Grotle, Førde

Vil kjempe

- Eg er sjølvsagt skuffa, men heilt uventa er det ikkje, seier Lødemel til NRK Sogn og Fjordane. Av fleire er det peika på at han kjem frå ein kommune som har valt å slå seg saman med Volda i nabofylket. I Gloppen og Eid har i tillegg E39 striden øydelagt all tillit til Lødemel. Han vil likevel ikkje gje opp kampen om å bli renominert.

Frida Melvær er nominert på topp for Høgre.