Jordbruket i Noreg står for 8,8 prosent av dei totale klimagassutsleppa. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Liten nedgang i utslepp frå jordbruket

Klimagassutsleppa frå jordbruket var 0,9 prosent lågare i 2019 enn året før. Dei utgjer 8,8 prosent av Noregs samla utslepp.

Utsleppet frå jordbruket svarer til 4,4 millionar CO2-ekvivalentar, skriv Statistisk sentralbyrå.

Det er særleg utslepp av metan, lystgass og ammoniakk som stammar frå jordbruket. Sistnemnde står for 95 prosent av utsleppa frå næringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utsleppa av ammoniakk har likevel gått ned med seks prosent frå 1990 til 2019. Forklaringa er lågare utslepp frå handtering av halm, slam og forbrenning.

Til gjengjeld veks CO2-utsleppa frå jordbruket, på grunn av meir utslepp frå areala. Jordbruket står for 57 prosent av metanutsleppa i Noreg, og desse utsleppa er på veg nedover.

I 2019 stod jordbruket for nærare 75 prosent av lystgassutsleppa i Noreg. Utsleppa av denne gassen totalt har falle kraftig sidan 2005, men utsleppet frå jordbruket er vanskelegare å fjerne.

(©NPK)