Sylvi Listhaug opna landsmøtet til Framstegspartiet på Gardermoen fredag. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Listhaug med klar beskjed til Høgre: Seier nei til ny EU-debatt

Det er ikkje noko behov for ein ny EU-debatt i Noreg, sa Frp-leiar Sylvi Listhaug i landsmøtetalen sin.

Listhaug viste til at spørsmålet er avklart ved to tidlegare folkeavstemmingar. Ho retta uttalen direkte til Frps tidlegare regjeringspartnar:

– Og nei, Høgre: Det er ikkje noko behov for ein ny EU-debatt i Noreg. Det er behov for at norske politikarar løyser problema til folk, sa Listhaug. (©NPK)