Lappen rauk i Olden

Ein mann i 30-åra frå Austlandet vart meld og miste førarkortet etter å ha køyrd for fort i 60-sona i Olden onsdag, skriv Fjordingen.

Det var Utrykkingspolitiet som hadde laserkontroll då mannen passerte i 78 km/t. For mange prikkar gjorde at førarkortet vart kverrsett.

Politiet skreiv også ut 32 forenkla førelegg for fart. Høgste målte fart var 82 km/t.