9. klassingar frå heile Nordfjord lærer om livet før i verda på Nordfjord Folkemuseum denne hausten. Pressefoto.

Lærer om museum og Nordfjord-historia gjennom potetkaker og eplesaft

I løpet av ein knapp månad er 320 elevar innom Nordfjord Folkemuseum for å lære meir om kva eit museum er.

– Alle elevane i 9. klasse i heile fylket skal besøkje eit av musea i Sogn og Fjordane denne hausten. Målet er å fortelje om kva vi driv med på eit museum, kvifor vi finst og kva som er unikt med vårt, fortel formidlingsleiar ved Nordfjord Folkemuseum, Eva Marie Felde.

«Tidskapselen» 

Prosjektet er eit tilbod i «Den kulturelle skulesekken», og har fått namnet «Tidskapselen». Elevane skal mellom anna tenkje ut kva fem ting dei ville teke vare på og presentert for 14-åringar om 100 år.

– Mobiltelefon, sosiale media og strøymetenester i tillegg til klede og også mat er gjengangarar på listene. Eg likar å utfordre dei på korleis dei skal klare å sikre at den som får dette i hendene om 100 år forstår kva det er for noko og korleis dei skal bruke det. Utan bruksrettleiingar eller nedarva kunnskapar, er det ikkje så enkelt.

Nysgjerrige elevar

Etter planen er dette eit prosjekt som ein ynskjer skal bli eit årvisst opplegg for 9. klassane. Nordfjord Folkemuseum ynskjer å gje elevane eit «snapshot» av korleis livet var i 1750 og 1850.

– Å stige inn i Sætastova frå Loen er nærast som ei tidsreise, og det kan vere vanskeleg å ta inn over seg at det faktisk har budd folk der. Det har skjedd så mykje på 250 år at eg trur det er viktig å gje elevane eit handfast bilete av dåtida. Det er noko dei kan få her hjå oss og som ikkje let seg gjere på skulebenken, seier Felde.

Og dagen på museet skal vere noko litt utanom det vanlege. I tillegg til omvising i nokre av husa, får elevane lage og steike potetkaker, laga av korn som dei kverner sjølve og dei pressar edle dråpar med eplesaft.

Ressursutnytting

Når ein gjer noko praktisk blir det alltid enklare å hugse det vi snakkar om. At poteta faktisk var ei nyvinning i norske heimar på 1800-talet, og at ein kan bruke eple som er litt stygge og småskada til å lage verdas beste juice, er ofte litt overraskande for ungdomen. Og det har vore viktige tilskot i kosthaldet til folket her i generasjonar.

Elevane får også ei innføring i korleis ein på kreative måtar har klart seg gjennom uår ved å utnytte ressursane i kring seg.

– Her kan ein trekkje parallell til årets tørre sommar. Medan staten og styresmaktene er blitt ein viktig aktør i folk sine liv i dag, var det i mykje større grad opp til kvar enkelt når uåra råka før.