La alle korta på bordet

Politiet fann 20 gram marihuana heime hos ein 45 år gammal sunnfjording. No er han dømd til 18 dagar fengsel på vilkår med ei prøvetid på to år

I straffeskjerpande retning peikar retten på at vedkomande er dømd ei rekkje gonger for narkotikakriminalitet tidlegare.
I formildande retning viser retten til at vedkomande dei siste åra har vist ei positiv endring, og at han er i ferd med å trappe ned rusbruken. Det var også formildande at mannen la alle korta på bordet og tilsto i retten.