Kongens heider til kyrkebyggar og samfunnsbyggar Karl Russøy

Kyrkjebyggaren fekk Kongens heider

Den samla Innsatsen og brennande engasjementet Karl Bertin Russøy har utvist for å skape noko for fellesskapet, og som samfunnnsbyggar, gjer han til ein svært verdig kanditat til utmerkinga Kongens Fortenestemedalje, sa ordførar Oddmund Klakegg då han i dag festa medaljen på brystet til Russøy.

Medaljeseremonien fann stad i Vassenden Kyrkjesenter, eit bygg og eit prosjekt Karl Russøy har lagt ned uhorveleg stor innsats for å få realisert. Han er også tusenkunstnaren som har stått i spissen for å bygge orgelet i kyrkja, og han har ei fartstid som rektor på Vassenden skule, som lokalpolitikar og som formann i Ålhus sokneråd.

Ikkje ferdig

- De er for tidleg ute med denne medaljen, eg er ikkje ferdig enno, sa Karl Russøy i takketalen. Der kom det fram at det ligg fleire, store prosjekt og ventar på den aktive 79-åringen.

- Dei 988 orgelpipene i kyrkjeorgelet treng overhaling, og etter den overhalinga må det stemmast. Med rundt rekna ein time på kvar pipe, går det 1000 timar på det arbeidet, fortel Russøy som også har teke på seg å lage ein lysglobe i messing til kyrkja, noko han tok på seg etter at det synte seg at ein ferdig laga globe ville koste minst 40 000 kroner å kjøpe. Russøy har planar om å ha globen ferdig til slutten av mars og han skal også lage blomsteroppsatshaldarar til bruk i gravferder, også dei i messing.

Dugnadsånd

- Dette var vel fortent. Vi kan ikkje forvente ein slik dugnadsinnsats av eit menneske som det Karl har lagt ned. Det å ha eit slikt fantastisk flott og praktisk kyrkjebygg som dette i ei lita bygd, er også utruleg. Det seier litt om dugnadsånda i Jølster, sa sokneprest Silje Sørebø som kommentar til den kongelege heideren.

- Eg veit litt om aerodynamikk, men den karen der har imponert meg enormt når det gjeld innsatsen han har gjort med orgelet. Han har ei utruleg teknisk innsikt, sa Sverre Gjesdal som sjølv er ingeniør og har arbeidd mykje med luft og ventilasjon. Gjesdal var også imponert over evna Russøy har til å finne tekniske løysingar i mange samanhengar.



Meir om dette i papiravisa onsdag

 

4000 timar brukte Karl Russøy på å bygge dette orgelet.
Omlag 4000 arbeidstimar i tillegg til planlegging og administrasjon brukte Karl Russøy på Kyrkjebygget på Vassenden