KLIMAPRISAR: Vestland fylkeskommune deler saman med Statsforvaltaren i Vestland ut klima- og miljøprisen for landbruket for andre gong i 2024. No kan du nominere kandidatar til både denne og til den årlege klima- og miljøprisen. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Kven er dine vestlandske klimaheltar?

Vestland fylkeskommune deler ut to klimaprisar i 2024. No kan du nominere kandidatar.

Prisane er den årlege klima- og miljøprisen og klima- og miljøprisen for landbruket, som blir delt ut annakvart år. Prisen vart delt ut for første gong i 2022.

Klima- og miljøprisen

Du kan nominere personar, lag, organisasjonar og verksemder som har utmerka seg innanfor klima- og miljøvernarbeid det siste året eller over tid. Fristen for å nominere kandidatar for prisen er 28. februar. Prisen er på 70 000 kr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet er å synleggjere og honorere det gode klima- og miljøarbeidet i fylket, å løfte fram dei gode døma, dei som viser veg, motiverer andre, og dei som nyttar. I fjor gjekk prisen til gjenbruksbutikken Upscale AS.

Les meir om kriteria for prisen og korleis du nominerer kandidatar på denne sida.

Klima- og miljøprisen for landbruket

Til klima- og miljøprisen for landbruket kan du nominere nokon som har gjort ein ekstra innsats anten det siste året eller over tid, ved å formidle eller ta i bruk løysingar som er klima- og miljøvennlege. Løysingane må òg fremje naturmangfald.

Prisen kan gå til gardbrukarar, skogbrukarar, mindre organisasjonar, kommunar, næringsverksemder og FoU-verksemder, lag og andre former for fellestiltak og samarbeid som har vist særleg god innsats.

30 000 kroner

Fristen for å nominere kandidatar er 11. mars, og prisen er på 30 000 kr.

I 2002 gjekk prisen til Tormod Magnesen for målretta arbeid med å fjerne framande treslag og med å restaurere kystlynghei i Øygarden.

Klima- og miljøprisen for landbruket er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland.