Fjord Norge krev no at regjeringa set ein dato for opning av turistbesøk frå Tyskland og Nederland. Bilete frå Flåm i Sogn. Illustrasjonsfoto: Vidar Knai / NTB scanpix / NPK

Kritisk for reiselivet utan turistar frå utlandet

Reiselivet slit når utanlandske turistar avlyser noregsferien. Fjord Norge krev no at regjeringa set ein dato for opning av turistbesøk frå Tyskland og Nederland.

– Vi famlar i blinde fordi regjeringa er for vag. No må Noreg vere tydlege, seier administrerande direktør Sten Ove Rolland i Fjord Norge AS til NRK.

Ifølgje Fjord Norge utgjer tyske og nederlandske turistar om lag 40 prosent av alle overnattingsdøgn på Vestlandet i sommarmånadane. No vil dei ha ein dato frå regjeringa på når desse turistane igjen kan komme til Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gi oss ein dato som både norske reiselivsbedrifter og våre tyske og nederlandske partnarar kan ta omsyn til, seier Rolland.

Han seier situasjonen er kritisk for Vestlandet, men meiner det framleis ikkje er for seint.

– Dersom regjeringa no gir tilgjenge for Tyskland og Nederland frå 20. juli, så er det framleis håp.

(©NPK)