Eg er veldig tilfreds, seier oppdragsgjevar Rune Kjørvik (t.v.). Kristen Arnestad har bygd eit flytande smykke. Sjølv meiner han det har vore ei kjekk utfordring å byggje eit vikingskip.

Kristen har bygd eit flytande smykke

– Eg gledar meg slik til sjøsettinga at eg, gamle mannen, tykkjer tida går for seint, seier oppdragsgjevar Rune Kjørvik. Båtbyggjar Kristen Arnestad har hatt den kjekkaste hausten på lenge.

– ”Piskadet” kor fint det er, seier Rune Kjørvik og let fingrane gli over det olja treverket. Han er full av beundring, ein smule rørt, og ikkje minst; veldig fornøgd. Han har besøkt båtbyggjar Kristen Arnestad fleire gonger i byggjeperioden.

Eit smykke

No er skipet nesten heilt ferdig, og Rune Kjørvik tykkjer han har fått eit flytande smykke.

– Eg er veldig tilfreds. I mange år har eg hatt lyst på ein liten trefæring, men då det ryktes at Kristen hadde lyst til å byggje eit vikingskip, slo eg til, seier Rune. Han lufta rett nok tanken med sonen Roger som er delaktig i drifta av Gloppen Camping og Fritidssenter.



– Vi er begge fasinerte av vikingtida, Roger meir enn meg. Han sa ”berre gå i gang”. Eg køyrde ut til Kristen. Han tok på seg jobben med ein gong.

– Ja, dette er den kjekkaste hausten eg har hatt på lenge. Eg har drøymt om å byggje eit vikingskip, svarer han.



Stor utfordring

Han har bygd nordfjordfæringar sidan 1980, til saman rundt 130, pluss tre femkeipingar og nokre seksringar.

– Men aldri eit vikingskip. Dette blir nok det første og siste. Å byggje eit vikingskip er ei stor utfordring når du ikkje har gjort det før. Forma er heilt annleis. Vikingskipa er mykje spissare framme og bak og har høgare stamnar, fortel Kristen Arnestad. I tillegg er det tidkrevjande utsmykkingar, t.d. dragehovudet framme og dragen sin hale i bakstamnen.

– Dragen vart sett på når vikingane var på plyndringstokt og skulle skremme folk der dei kom, fortel Rune. Den utskorne halen står ferdig ved sida av roret som er i eik.

– Det er ikkje fritt for at eg har filosofert litt og sett føre meg biletet av Leiv Eriksson slik han er skildra bak roret på veg til Vinland når eg har halde på med skipet, smiler Kristen.



Til Bjørkedalen

Han reiste til Bjørkedal rett over fylkesgrensa til Sunnmøre for å studere byggjemåten. Her har Jakob Helset gjennom åra bygd til saman 14 vikingskip.

– Det var heilt nødvendig, og han var svært imøtekomande. Eg fekk ta alle måla eg trong, fortel Kristen. Det var i seg sjølv eit omfattande arbeid. Kristen tok mål av vinklar og avstandar og kom heim med ei teikning den vanlege amatør ikkje ville forstå den døyt av.

Vikingskipet er 12 meter langt og 2,5 meter breitt på det breiaste. Når det vert sjøsett, kjem den seks meter høge masta på plass.

– Det heiter at masta skal vere like høg som omkrinsen av skipet på det breiaste, fortel Kristen.

I eigen skog

Kristen førebudde byggjearbeidet med å gå i eigen skog og blinke ut furutre. I tillegg har han kjøpt litt. Alt har han saga sjølv. På Haugen i Eid fekk han tak i ei eik som er brukt til stamnane, roret og skjolda.

– Du må ha rette bøygen i rotstokken på det eg brukar til bord. Furutre bør helst ha lys bork. Det indikerer at trevirket er litt mjukare og lettare å bøye til, fortel Kristen. Han har brukt om lag 170 meter bord. D tilsvarer fire færingar.

– Det er mykje vanskelegare å byggje eit vikingskip første gongen, men når du får det inn i augemålet og i fingrane, er det ikkje vanskelegare enn å byggje færingar. Det er berre tyngre, for materialane er tjukkare, fortel Kristen. Borda er 20 millimeter tjukke, sju-åtte millimeter meir enn til færingane.



Kjekk haust

Masta er alt klar. Nett no ligg ho til tørk. Langs veggene står tofter og tiljer. Skipet er har fått fire av sju strøk dekksolje iblanda ekstra tjære. Då helde det seinare med eitt strøk olje årleg, meiner Kristen. Det meste er rett og slett ferdig. I desse dagar er Kristen i ferd med å lage skjolda ferdige. Det er nesten som han er litt lei seg, for han har sett pris å utfordringa.

– Det har vore noko anna enn det rutineprega arbeidet med færingane. Eg har takka Rune for oppdraget i mitt stille mange gonger, smiler han.

– Ikkje berre i det stille. Han har sagt det i klartekst, og kvar gong eg har vore her, har eg følt meg velkomen, svarer Rune og er veldig tilfreds med resultatet. Det er også Kristen. Begge tek nokre steg tilbake og beundrar dei smekre linjene og sender vennlege tankar tilbake til vikingane som skapte skipet.

– Det er heilt utruleg å tenkje på kva dei fekk til med dei enkle reiskapane dei hadde, berre øks og kilar og kanskje litt til, seier dei.

Sjøsetjing

– Eg er fornøgd med resultatet, eg og. Men no står det igjen å sjå kor skipet går i sjøen, seier båtbyggjaren. Det får han og alle andre vite ein gong i april. Datoen er ikkje bestemt, men det skal markerast med brask og bram.

– Vi må koste på oss ein hotellmiddag med vilt på menyen. Preben Moen har lova oss sjølvbryggja mjød, smiler Rune. Namnet på vikingskipet er heller ikkje bestemt. Far og son er framleis i tenkjeboksen, men Rune lovar oss eit namn med norrøn klang og innhald.

Kva vikingskipet skal brukast til, er heller ikkje heilt klarlagt, reint bortsett frå at det skal marknadsføre campingplassen, noko Rune er overtydd om vil skje. Frå før har han fått treskjerar Arne Askeland til å lage flotte trefigurar av dyr og fuglar, medan ein kopi av Eidehøvdingen og kona vaktar inngangen.

– Eg veit ikkje kor mange gonger gjestane våre har fotografert figurane. Dei har hatt ein marknadsføringsverdi langt utover det dei har kosta, seier Rune. Han har ei vikingskip-budsjett på rundt 250.000 kroner.

Det er ingenting å utsetje på handverket. Her syner dei vakre linjene til vikingskipa godt.
Rune Kjørvik har fleire gonger vitja Kristen og følgt byggjeprosjektet.
Nett no held Kristen på å gjere ferdige skjolda, 14 til saman, lage i eik.
Dette er arbeidsteikningane Kristen kom tilbake med etter å ha vore i Bjørkedalen.