Illustrasjonsfoto: Rune Stoltz Bertinussen/NTB/NPK.

Kraftig nordlys i vente over heile landet

I tida framover er det venta å sjå meir nordlys, og i kveld er det venta nordlys over heile landet.

– Det er som oftast best forhold i dei nordlegaste delane av landet. Der ser ein oftast det kraftigaste utbrota og ein ser oftare nordlyset rett over hovudet. Men når det er kraftige geomagnetiske stormar slik som er varsla nå, vil ein også kunne sjå flott nordlys også heilt ned i Sør-Noreg, seier fagsjef Pål Brekke ved Norsk romsenter til VG.

Det er meldt ein KP-indeks 6. Skalaen blir brukt til å måle geomagnetisk aktivitet, som er viktig for å føreseie nordlys.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom varselet slår til, vil ein med klar himmel kunne sjå nordlys i heile landet i kveld.

Den siste tida har «kannibalstorm» og «koronahol» forårsaka nordlys på himmelen.

– Det er to ting på sola som lagar nordlys, og det er solstormar og «koronahol». Talet på og styrken på solstormar går i 11-årssyklusar og vi er no på veg mot eit nytt solmaksimum, som vil nå høgdepunktet tidleg i 2025, seier Brekke. (©NPK)