Arkivfoto: Berit Keilen/NTB/NPK.

Kraftig nedgang i talet på geitebønder

Geitenæringa er meir enn halvert på tjue år.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå var det 703 gardsbruk med mjølkegeiter i år 2000. I 2020 var talet 282. Meir enn halvparten av bruka har forsvunne på tjue år, skriv Nationen.

I tillegg til at drifta krev mykje arbeid, har næringa òg utfordringar som innovasjon og tilgang til kundane, utnytting av kjøttet og produksjonen av Balsfjordosten til Tine som er på veg ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mellom anna blir mange bukkekillingar tatt livet av like etter fødsel. Årsaka er at det blir for uøkonomisk å fôre dei opp når dei ikkje kan gi mjølk, samtidig som kjøttet ikkje blir etterspurd av grossistane eller daglegvarekjedene, skriv avisa.

(©NPK)