Køyrer meistringskurs for unge

May-Britt Sægrov er prosjektleiar for «Heilt sjef», eit livsmeistringskurs for ungdom.

– Gjennom dette kurset ønskjer vi å normalisere livet. Det er normalt at ting går opp og ned. Vi møter både humpar og dumpar på vegen, seier ho.

– Vi har motteke prosjektmidlar frå Statsforvaltaren og Vestland fylkeskommune for å gjennomføre meistringstreff for ungdom basert på ein manual laga av eit kompetansesenter, fortalde Sægrov, då ho tysdag orienterte oppvekstutvalet om prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit fast tilbod

Midlane varer ut skuleåret, men tanken er at meistringskurset skal bli eit fast tilbod til ungdomar i kommunen.

– Kurset heiter «Heilt sjef», og sjefen er ungdomen sjølv. Det handlar om å ta grep om eigen kvardag og ansvar for eiga helse og eige liv. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Gloppen kommune, Vestland fylkeskommune og Frisklivssentralen. Eg har vore prosjektleiar, men eg har hatt med meg Marianne Bakketun frå psykisk helse og Jørund Walseth, rådgjevar på Firda, fortalde ho.

Auka behov

Bakgrunnen for søknaden om midlar til kurset var auka behov for samtalar og oppfølging av ungdomar. Ikkje minst merka tilsette innan psykisk helse dette, men rådgjevarane på skulen opplevde det same.

– Ungdomane hadde det vanskeleg og trengde nokon å snakke med, og mange strevde med dei same problema. Difor var det behov for å sjå på andre måtar å jobbe på, forklarte Sægrov.

Gruppebaserte lærings- og meistringstilbod skal ifølgje nasjonale føringar vere ein del av helsetenestetilbodet i kommunen.

Får nyttige verktøy

– Vi har teke utgangspunkt i manualen som er retta mot ungdom i alderen 16-20 år, men her i kommunen køyrer ein også meistringstreff for vaksne gjennom frisklivssentralen, opplyste ho.

Målet med kurset er at ungdomane skal bli medvitne på eigen situasjon.

– Dei skal få auka kunnskap om korleis hjernen fungerer, korleis stress påverkar kroppen og korleis dei kan handtere stresset. Deltakarane skal vere aktive, dele erfaringar og gje kvarandre støtte. Samtidig får dei tips, råd og nyttige verktøy som kan bidra til ein betre og lettare kvardag, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har endra form undervegs

Første kurset vart starta opp i februar 2020. Så kom koronaen.

– I november 2020 køyrde vi i gang neste kurs, og her fekk vi tilbakemeldingar om at dette var eit kurs som alle elevar burde få med seg. Elevane meinte at det ikkje burde vere slik at ein måtte melde seg på. Det gjorde at vi begynte å tenkje litt nytt. Våren 2021 testa vi difor modellen ut på ei heil klasse, fortalde prosjektleiaren.

Skuleåret 2021/22 får alle elevar i andre klasse på vidaregåande tilbod om å delta på kurset. Det betyr at ein får testa ut konseptet på kring 150 elevar.

– Kurset har absolutt endra form undervegs. Frå å vere eit meir spissa og omfattande kurs, er det i dag eit lågterskeltilbod på tre samlingar der mykje handlar om stressmeistring. Kurset er kopla opp til Firda sitt arbeid med karriere og livsmeistring, sa May-Britt Sægrov.

Framover skal Familiehuset på Grandane ha ansvar for livsmeistringskurset for ungdom.