Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

Køyrde i autovernet

Ein mann har fått kverrsett førarkortet etter at bilen han køyrde hamna i autovernet i Sogndal sentrum måndag morgon. Det er ikkje mistanke om rus, melder politiet.

På Vassenden stoppa UP søndag kveld ein bil som synte seg å være begjært avregistrert, etter at føraren har mista førarkortet for å ha køyrt i påverka tilstand. Sak er oppretta.

Søndag var Frudalstunnelen rv5 mellom Fjærland og Sogndalsdalen stengd grunna eit utenlandsk vogntog som på tvers i Sogndalsdalen.

Søndag kveld hadde UP promillekontroll i Angedalsvegen, Førde. 56 kontrollerte, ingen utslag. I ein tilsvarande kontroll på rv15 ved Lefdal i Eid var resultatet av 35 kontrollerte like bra. Ingen utslag.

Også denne helga har det vore vondt å vere hjort. Berre måndag morgon vart det påkøyrd to hjortar, ein i Bremanger på fv614 i Myklebustdalen og ein på rv55 ved Reksnes i Eid. Søndag vart ein hjort påkøyrd i Bygstad i Gaular. Viltnemnder er varsla i alle tilfella.