Koronasertifikatet kan bli gjeninnført. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Koronasertifikat kan bli innført frå neste veke

Dersom det viser seg at vaksinen minskar risikoen for å bli smitteberar òg med omikronvarianten, kan det bli aktuelt å gjeninnføre koronasertifikat.

Det får NRK stadfesta av statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet.

– Vi har bede fagetatane vurdere differensierte smitteverntiltak som ein del av grunnlaget inn mot vurderingane vi skal gjere 14. januar. Ei eventuell slik endring i covid-19-forskrifta bør om mogleg ut på høyring, sidan det er snakk om då å skilje mellom vaksinerte og uvaksinerte, seier Bekeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då nye koronarestriksjonar vart innførte i desember, tilrådde helsestyresmaktene ikkje at ein innførte koronasertifikat fordi det var uklart i kva grad vaksinen verna mot smitte frå omikronvarianten. Dersom det viser seg at fullvaksinerte i mindre grad blir smitteberarar enn uvaksinerte òg når det gjeld omikron, kan dette forandre seg.

(©NPK)