Bjørn Heggheim (t.v.) Oddvin Klakegg og Bjørn Anders Steinsund treng nye songarar, elles kan det spøkje for framtida til Skei-Vass koret som har eksistert sidan 1987.

– Kom og syng med oss, snart

Det er oppfordringa frå dei tre tenorane i Skei-Vass koret. Koret er kome ned på eit kritisk, lågt nivå når det gjeld medlemmer, og treng fleire songarar i løpet av hausten.

For ein månad sidan tok dei åtte-ti attverande songarane timeout for å sjå om det kan vere håp om fleire medlemmer i koret som har eksistert sidan 1987. I første omgang er det pause til førstninga av november.

Må bli større

– Vi må vere fleire for å kunne kalle oss kor, helst over tjue, seier leiar for Skei-Vass koret, Bjørn Anders Steinsund. Han kan elles fortelje at det vesle koret på det meste hadde nær 30 songarar, men at det no er att berre to på kvar stemme, så nær som tenorane, der er dei tre.

– Vi skulle i alle fall hatt fire på kvar stemme, er meldinga frå Bjørn Anders Steinsund, Bjørn Heggheim og Oddvin Klakegg. No oppfordrar dei songglade jølstringar til å melde seg til teneste, og det litt fort. Om ikkje koret får på plass fleire songarar, kan det spøkje for framtida, ifølgje dei tre songentusiastane.

Dirigent er distriktsmusikar Kristine Marøy, så den biten er på plass. Det som manglar er folk som vil syngje i kor.

Mange prosjekt

Kva som er grunnen til at koret har krympa, er ei samansett historie, ifølgje Steinsund. Han nemner fleire tunge og krevjande prosjekt som kosta både tid og energi.

– Vi har hatt store ting som Verdi sin opera La Traviata og «Stjerna frå øst» med Geir Lystrup, for å nemne nokre. Dette var krevjande ting, men også veldig kjekt å arbeide med. Men det var nok enkelte som tykte det vart i meste laget, og dermed slutta. Nokre er også flytta frå bygda, så det er fleire årsaker til at koret har minka, fortel Bjørn Anders Steinsund. Han håpar det finst folk som har lyst til å syngje i kor.

Låg terskel
Å få plass i Skei-Vass koret skal ha låg terskel, ifølgje dei tre tenorane som har fartstid i koret sidan starten.

– Ingen må tru at vi kjem til å ta stemmeprøver av folk som melder seg. Alle som har lyst til å synge i kor, er velkomne, og dei nye vil få den instruksjon og støtte som trengs for ein fersk korsongar.

– Ingen må vere redde for å ta kontakt, og vi har bruk for alle stemmer. Medlemskontingenten skal vi nok også bli samde om, gliser dei tre karane som lovar at det for framtida skal satsast meir på tradisjonelt korstoff, og mindre av større samarbeidsprosjekt.

– Vi vil rett og slett tilbake til den tradisjonelle korrørsla sitt stoff, og ikkje vere bundne av andre, avsluttar Bjørn Andres Steinsund og lovar korøving kvar torsdag, annankvar veke på Skei og Vassenden.

– Å syngje i kor er det kjekkaste eg veit, er meldinga frå Oddvin Klakegg som i tillegg til Skei-Vass koret, også syng i Stardalen Mannskor.