Oddgeir Bruaset. Pressefoto.

Kom i julestemning med Oddgeir Bruaset og Rygg songlag

Historiene bak mange av julesongane våre er både underlege og fornøyelege. Laurdag kan du høyre NRK-journalist og forfattar Oddgeir Bruaset fortelje eit utval historier i Aulaen på Sandane.

Bruaset har skrive to bøker om dei kjende og kjære julesongane våre og korleis dei vart til. I 2001 kom boka «Det var midt i julenatt», der 14 historier var med. Åtte år seinare kom ei utvida utgåve med namnet «Det lyser i stille grender». Denne inneheld 20 songar og historier.

Historiene bak knapt halvparten av desse songane skal forteljast laurdag kveld. Songane blir så framførte av Rygg songlag under leiing av Hanne Grete Heen, samt solistane Synnøve Nordvik og Solfrid Bjørkum. Musikarar er Henrik Silfverhielm og Otto Ose. Konserten har fått namnet «Stille natt».

– Eg fortel ei historie, så blir songen sungen av kor og solistar, seier Oddgeir Bruaset.

Etter konserten blir det dans til musikk av Hyen spelemannslag og Grannelaget.

Det er Jeremiasfestivalen, oppkalla etter den lokale musikaren Jeremias Henden, som står som arrangør av «Stille natt». Arrangementet er siste trinn i tretrinnsraketten som markerer folkemusikkfestivalen sitt femårsjubileum.