Det er ikkje påbod om å bruke enten piggdekk eller vinterdekk på vinteren i Norge, men du må ha dekk som er tilpassa det føret du køyrer på.

Kan verte dyrt å køyre med sommardekk no

Vinteren er over oss, og nå hastar det for dei som enno ikkje har skifta til vinterdekk. Onsdag måtte fleire bilførarar få hjelp etter å ha køyrt av vegen etter stort snøfall i Hedmark og Oppland. Politiet ber folk køyre varleg.

– Det har vore særs mange trafikkuhell etter det første snøfallet, og så har nokon framleis sommardekk. Vi får håpe folk er fornuftige og let bilen stå om de ikkje har bytta til vinterdekk, seier operasjonsleiar i politiet, Tor Eirik Midthaug, til NTB.

Kan miste all erstatning
Det er ikkje påbod om å bruke enten piggdekk eller vinterdekk på vinteren i Norge, men du må ha dekk som er tilpassa det føret du køyrer på. Om ikkje vil det karakteriserast som grov mangel på aksemd.

- Om du skulle hamne i ei trafikkulykke og ikkje har skodd deg etter tilhøva, kan du i tillegg til straff frå politiet risikere at forsikringsselskapet ikkje betalar ut nokon form for erstatning til deg. Det kan verte dyrt å køyre med sommardekk no, seier Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

Politiet opererer med bøter alt frå nokre tusen til å få førarkortet kverrsett.

– I dei mest graverande tilfella er påtalemyndigheita strenge med bilistar som ikkje viser aksemd i trafikken. Konsekvensane ved ei trafikkulykke kan verte omfattande. Det kan gje personskader, og i verste fall går liv tapt, om du køyrer med dekk som ikkje er tilpassa tilhøva, seier Brandeggen. Han poengterer at dei aller fleste bilistane likevel skor seg etter tilhøva og skiftar til vinterdekk i tide.



Krav til dekk i vinterperioden
• Sommardekk skal ikkje brukast når det er vinterføre (som snø og is). Dekka vil då ikkje sikre tilstrekkeleg veggrep. Dekka må uansett føre ha 3 mm mønsterdjupne i perioden 1. november og måndag etter 2. påskedag.

• Det er ikkje krav til bruk av piggdekk i vinterhalvåret.

• Mønsterdjupna skal vere minst 3 mm uansett dekktype.

• Piggar er berre tillate på vinterdekk (unntak for motorsykkel).

• Køyrety til og med 3500 kilo må ha piggdekk på alle hjul om du vel piggdekk.

• Utanom vinterperioden skal mønsterdjupna vere minimum 1,6 mm.

I de komande dagane er det meldt om sterk vind og mykje snø i Sør-Norge, mens det vil verte nattefrost på fjellovergangane over heile Noreg. Både politiet, Statens Vegvesen og Tryg Forsikring oppfordrar alle bilistar til å skifte til vinterdekk snarast, og i alle fall on ein har tenkt seg på vegen i høgareliggende strøk.