Spelar dette mannskapet i 5. eller 6. divisjon i 2017? Svaret får vi i morgon ettermiddag.

Kan bli ein skikkeleg thriller

– Vi vil vinne og avgjere sjølve, seier Jølster-trenar Thomas Flatebø før kampen mot Studentspretten.

Etter at Studentspretten slo Bjørn 8-1 sist helg, må Jølster vinne mot studentlaget frå Sogndal for å vere sikker på å fornye kontrakten i 5. divisjon.

Utan tap heime

– Det blir ein tøff kamp. Studentspretten har vunne alle kampane sine i år, det er nok ikkje utan grunn, seier Thomas Flatebø.

Jølster vart nummer fire i si 5. divisjonsavdeling, og måtte dermed ut i kvalifiseringsspel mot firaren i den andre avdelinga, IL Bjørn, samt Studentspretten frå 6. divisjon. I første kamp i miniserien spelte Jølster og Bjørn 2-2. I ettermiddag skal det heile avgjerast.

– Vi har gått ut i kvar kamp i heile år med mål om å vinne. Den same tilnærminga treng vi no, seier Flatebø og minner om at laget hans står utan tap på heimebane denne sesongen.

Kan bli redda av Fjøra

Også ved uavgjort eller tap kan Jølster berge plassen, men då avheng jølstringane sin skjebne av kva som skjer i kampen mellom Fjøra og Kristiansund i siste runde i 3. divisjon. Vinn Fjøra, fornyar sogningane 3. divisjonskontakten, noko som fører til at to av dei tre laga i Jølster sin miniserie spelar i 5. divisjon neste år.

I eit slikt tilfelle er det berre Jølster-tap med meir enn sju mål som sender laget ned ein divisjon.

– Eg har ikkje tru på at dei er så mykje betre enn oss, eg trur det blir jamt, seier Thomas Flatebø og slår fast at det både er kjekt og nervepirrande å avslutte sesongen med eit så viktig oppgjer.

PS! Fjøra sin kamp startar ein time etter oppgjeret på Skei stadion. Det kan bli ein spennande time for alle med hjarte i Jølster-fotballen…