Hyen skule med folk utanfor.
Dette biletet er frå opningsdagen til den nye skulen i Hyen i fjor haust.

Kan bli Årets skulebygg

Den nye skulen i Hyen er mellom dei 18 nominerte over heile landet. Du kan vere med og røyste.

Publisert Sist oppdatert

Kva for eit skulebygg eller skuleprosjekt representerer det beste innan skulearkitektur akkurat no?

Det er spørsmålet verksemda Nochron ønskjer å finne svar på.  Fram til 16. mars kan du vere med og gje di røyst på eitt av dei atten skulebygga. Mellom dei er nyeskulen i Hyen, som vart opna i fjor haust.

Vinnaren vert kåra 23. april

18 nye og ombygde skuleprosjekt frå heile landet er nominert til prisen Årets skulebygg 2026, og frå 2. til 16. mars kan både fagmiljø, lokalsamfunn og publikum vere med og røyste fram sin favoritt. Vinnaren vert kåra 23. april under Nohrcons konferanse og temadag i Oslo om framtidas skulebygg. 

Arrangøren seier at prisen er ein temperaturmålar på utviklinga i norsk skulebygging.

Prisen Årets skulebygg skal løfte fram prosjekt som kombinerer arkitektonisk kvalitet med pedagogisk forståing, og som bidreg  positivt til lokalmiljøet. Det vert peika på at årets kandidatfelt viser breidda i dagens skuleutvikling. Prosjekta representerer både nybygg og transformasjonar, og spenner frå tett urbane anlegg til skular som fungerer som sentrale samlingspunkt i lokalsamfunn.

- Meir heilskapelege skuleanlegg 

– Vi ser ei tydeleg dreiing mot meir heilskapelege skuleanlegg, der pedagogikk, berekraft og nærmiljøtenking er integrert frå start. Det handlar ikkje berre om bygg, men om korleis arkitektur kan støtte læring og fellesskap over tid, seier Emilie Arnold, kåringsansvarleg hjå Nochron.

Det er både ein fagjury og ei offentlig røysting som avgjer kven som går vidare til finalen. Alle kan gje si røyst via  www.nohrcon.no fram til 16. mars 2026. Dei best plasserte prosjekta vert invitert til Oslo i april, der finalistane vert presentert,  før vinnaren vert offentleggjort på konferansescena.

Den nye skulen i Hyen er den einaste kandidaten frå Sogn og Fjordane.

Dei nominerte til Årets skulebygg 2026

Aursmoen skole, Aurskog-Høland kommune

Cissi Klein VGS, Trøndelag fylkeskommune

Fillan skole, Hitra kommune

Finnsnes barneskole, Senja kommune

Fjære barneskole, Grimstad kommune

Folkeparken skole, Kristiansund kommune

Frakkagjerd ungdomsskole, Tysvær kommune

Haraldsvang ungdomsskole, Haugesund kommune

Hartvig Nissens skole, Oslo kommune

Hessa skole, Ålesund kommune

Hokksund barneskole, Øvre Eiker kommune

Husnes barneskule, Kvinnherad kommune

Hyen skule, Gloppen kommune

Kvam VGS, Vestland fylkeskommune

Sofiemyr skole, Nordre Follo kommune

Stord VGS, Vestland fylkeskommune

Trondheim katedralskole, Trøndelag fylkeskommune

Vilberg barneskole, Eidsvoll kommune

Tidlegare vinnarar av Årets skulebygg er m.a. Fjellhamar skole og arena (2025), Stangaland skole (2023) og KFskolen (2022)



 

 

Powered by Labrador CMS