Det har vore høg aktivitet på isen som følgje av kaldt og klart vêr. Slik vil det også fortsette dei neste dagane. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Kaldt og klart i store delar av Noreg mot helga

Dei kommande dagane held det arktiske vintervêret fram stort sett over heile Noreg. Heilt sør og litt i nord vil det vere surt i periodar.

– Mot helga er det kaldt, kuling og snøfokk på kysten av Sørlandet, men elles er det mykje klarvêr heile vegen opp til Vestfjorden. Derifrå og nordover er det kuling og snøbyer langs kysten, seier vakthavande meteorolog Rafael Escobar Løvdahl ved Meteorologisk institutt til NTB.

Det er sendt ut nokre få farevarsel. Onsdag ettermiddag er det sendt ut farevarsel om ising på skip langs kysten av Rogaland, Agder, og Telemark, og dessutan i Trøndelag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vanskelege køyreforhold i sør

I sør er det meldt nordaust stiv kuling på kysten, kaldt vêr og snøfokk frå onsdag. Det er òg meldt sterk pålandsvind, kaldt vêr og nokre snøbyer i Troms og Vest-Finnmark, men det vil nok opplevast surast for sørlendingar som ikkje er vande til det, seier Løvdahl.

Han ber folk vere merksame på at forholda på Sørlandet kan føre til vanskelege køyreforhold.

– Av røynsle har snøfokk ført til problem langs vegen, seier Løvdahl.

Klarvêr på Austlandet.

Elles er det stort sett opphaldsvêr. Nedover langs Austlandet ser det ut til å vere sol, men det kan skye til til tider.

– Stort sett vil det vere klarvêr, men nokre gonger er det meir skyer enn varsla, og nokre gonger vil det falle snø frå skylaget. Men det er stort sett lette fjon som ein kan feie bort, og ein treng ikkje å moke, seier Løvdahl.

I Nordland, Trøndelag og på Vestlandet er det mykje klarvêr og kaldt vêr dei neste dagane. Sidan det er frålandsvind på Vestlandet vil det vere betydeleg kaldare enn ein er vand til i Rogaland.

(©NPK)