Julemarkering i ein mangfaldig barnehage
Vi er komne til advent. Ventetida fram mot jul. Den tida på året der nettene vert lange og kulda set inn. Og dagane dei vert berre kortare og kortare.
I denne mørketida gjer det godt å ha noko å sjå fram mot. Solsnu inntreff 21. desember, og nordmenn har i lange tider markert midtvinter og at lyset gradvis vil kome tilbake. Vikingane feira jol, og sidan kristninga av Noreg har nordmenn feira jul.
Advent
Advent markerer starten på kyrkjeåret, ventetida fram til feiringa av at frelsaren vart fødd. Vi markerer adventstida med å pynte heimane, trea, barnehagane og sentrumsgatene våre med lys.
Vi pyntar med blomar, stjerner og adventstakar, hjarter og julebukkar av halmstrå, nissar og englar. Tradisjonar som kombinerer element frå gammal folketru og kristendommen som kom til Noreg for om lag 1000 år sidan.
Tru, tradisjon og andre religionar
Noreg er i dag eit sekulært samfunn der religion har mindre innverknad på enkeltmenneska, kulturen og samfunnet. I 2012 vart statskyrkja avskaffa, og dei siste tiåra har vi ein auke i nordmenn som ikkje tilhøyrer ei religiøs gruppe. Trass i dette er det svært mange av oss som tek del i kristne (og førkristne) tradisjonar og feirar jula.
På same tid som at nordmenn vert mindre religiøse, aukar andelen menneske med annan religiøs bakgrunn i Noreg. Menneske på flukt frå krig og urett vert del av samfunnet vårt og har med seg andre kulturar, tru og tankesett. I barnehagane våre har vi barnegrupper som representerer eit mangfald av nasjonalitetar, kulturar og religionar.
I Rammeplanen sitt verdigrunnlag er mangfaldet omtala slik: «Barnehagen skal fremje respekt for menneskeverdet ved å synleggjere, verdsetje og fremje mangfald og gjensidig respekt […] Barnehagen skal bruke mangfald som ein ressurs i det pedagogiske arbeidet og støtte, styrkje og følgje opp barna ut frå dei kulturelle og individuelle føresetnadene.» (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 9).
Omgrepet mangfald er knytt til at menneske er ulike i leve-, handle- og tankesett. Det vert beskrive at mangfaldet skal vere ein ressurs for å skape fellesskap og ivareta verdiar som tilhøyrsle, anerkjenning, eigenverd og respekt. Ved å lære av kvarandre og skape kulturmøte i barnehagen, skal barna få oppleve glede og meistring, og ha nysgjerrigheit og utvikle respekt for det som er annleis (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 9).
Slutten på julegudstenesta?
Det er ein tradisjon at barnehagar og skular har delteke i julegudsteneste i Noreg. Gudsteneste er ein forkynnande praksis, og foreldre har rett til å frita barna sine frå deltaking i religionsutøving. Eit slikt fritak går ikkje overeins med kravet om at alle barn skal ha likt høve til å delta (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 57). Det vert eit dilemma for barnehagen. Foreldre har makt til å medverke gjennom samarbeid med barnehagen, og dei har den primære rolla i barnets danning (Eidhamar & Salvesen, 2023, s. 179).
Sterke stemmer i foreldregruppa kan vere utfordrande å stå opp imot for styrarar og pedagogiske leiarar. Når ulike verdisyn møtest, vert det viktig at barnehageleiinga har god kunnskap om mangfaldet av religionar og kulturar. Elles kan det vere lett å velje lettaste motstands veg, og føye seg etter den som snakkar høgst (Kjeka & Sundnes, 2024, s. 64). Kanskje er det enklaste å kutte ut julegudstenesta…?
I så tilfelle må vi kome opp med eit godt alternativ, for barnehagen har også makt gjennom både lover og tradisjonar (Kasin & Bergflødt, 2022, s. 161). Samfunnsmandatet vårt kjem fram gjennom lovene vi er forplikta til å arbeide etter. I barnehagen sin formålsparagraf kan vi lese at: «Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, […] , verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.» (Barnehageloven, 2005, §1). Verdiar i kristen og humanistisk tradisjon er særleg trekte fram saman med verdigrunnlaget som menneskerettane byggjer på.
Mangfaldet skal nyttast til å skape fellesskap
«Barnehagen skal bruke mangfald som ein ressurs i det pedagogiske arbeidet […]. Barnehagen skal synleggjere variasjonar i verdiar, religion og livssyn. Det skal vere plass for ein åndeleg dimensjon i barnehagen som må brukast som utgangspunkt for dialog og respekt for mangfald.» (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 9). Her kjem det fram at barnehagen ikkje berre har rett til, men også ei plikt til å vise variasjon i verdiar, tru og livssyn. Dette arbeidet har som mål å skape respekt mellom mangfaldige menneske.
I fagområdet Nærmiljø og samfunn i Rammeplanen (2017, s. 55) står det at «Gjennom utforsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda. Barnehagen skal bidra til kunnskap om og erfaring med lokale tradisjonar, samfunnsinstitusjonar og yrke, slik at barna kan oppleve tilhøyrsle til nærmiljøet. Kulturelt mangfald, ulike levemåtar og forskjellige familieformer er ein del av fagområdet.» Bruk av verba: utforske, oppleve og erfare fortel oss at dei ikkje berre skal lære om noko, men av noko. Det er aktive handlingar det vert vist til. Det vert vidare uttrykt at barna «erfarer at alle får utfordringar og like høve til å delta», og at personalet skal «gi barna like moglegheiter, fremje likestilling og motverke diskriminering, fordommar, stereotypiar og rasisme» (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 57).
Frå julegudsteneste til julevandring
For å forhindre at nokre barn vert ekskludert frå gudsteneste fordi det er forkynnande, har fleire gått over til julevandring utan forkynning, der barna får innblikk i viktige forteljingar frå kristendommen og moglegheit til å utforske kyrkjebygget (Kjeka & Sundnes, 2024, s. 64).
Kjeka og Sundnes (2024) drøftar korleis «deltakelse på en julevandring kan bidra til barns danning i et sekulært og mangfoldig samfunn». Med utgangspunkt i Barnehagelova (2005) og Rammeplanen (2017) peikar dei på mange formuleringar som forsvarar julevandring som pedagogisk praksis: Barna skal få forståing for verdiar og normer som er viktige i fellesskapet vårt. Barna utviklar seg sjølv i møte med kulturen og mangfaldet rundt dei. Barna må få høve til å møte varierte kulturelle uttrykk då det er viktig i danningsprosessen deira (Kjeka & Sundnes, 2024, s. 60-61).
Ein livssynsopen barnehage
Kulturelt sett har kristendommen framleis stor innflytelse i det norske samfunnet. Blant anna har alle barna fri i jula og mange er medlem av eit kyrkjesamfunn. Julevandring er ein metode for å bli kjend med arv og tradisjon og å utvikle interesse og respekt for andre sitt livssyn (Kjeka & Sundnes, 2024, s. 61).
Alle barnehagar skal «synleggjere variasjonar i verdiar, religion og livssyn» (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 9). Vi kan seie at barnehagen skal vere eit livssynsope samfunn der alle religionar og livssyn skal møtast med respekt (Kjeka & Sundnes, 2024, s. 63). Å lære om andre si tru gjer at barna kan forstå kva det er dei skal lære å tolerere og respektere (Kjeka & Sundnes, 2024, s. 64). Med julevandring kan kristne barn få vise fram kva dei feirar i jula, på same tid som at dei får bekrefta at deira tru er viktig (Kjeka & Sundnes, 2024, s. 68).
Alle barn skal få vere stolte av sin identitet
Når mangfaldet i barnehagen er stort, kan det vere eit alternativ å gjere den tradisjonelle julegudstenesta om til ein tradisjon som har rammer for å samle menneske frå ulike religionar ved å bruke julevandring i staden for julegudsteneste. På same måte kan vi vareta barn med annan kulturell og religiøs bakgrunn ved å gi deira ritual og høgtider ein plass i barnehagen.
Vi må syte for at alle barn kan få vise fram, vere stolte av, og dele noko som er viktig for deira identitet, og som også kan vere til glede for dei andre barna. I alle høve er dialog med heimen viktig (Kjeka & Sundnes, 2024, s. 66). I samarbeid med foreldra skal vi gi barna ei best mogleg danning, og vi må forsøke å imøtekome deira ynskje så langt vi kan (Eidhamar & Leer-Salvesen, 2023, s. 179).
Jul i Bakkelid
I år er vi inviterte til julegudsteneste i Vereide kyrkje. Førskulebarna kan kome i klede som høver til historia i Juleevangeliet; Lukas 2, 1- 20. Dei gler seg. Juletreet er henta i eigen skog. Barnehagen er pynta med lys. Vi skal markere Lucia med bollar og tog. Julehemmelegheiter vert laga med ivrige barnehender, for sidan å verte lagt under tre til glede for rørte mødrer og fedrar i heimane. Lukta av julekaker og granbar set seg i romma og skapar god stemning. Dagane er prega av forventning og magi. I år gjer vi det slik.
God jul!