Syklistane i Jotunheimen Rundt skal sykle gjennom mykje spektakulær natur kommande helg. Dette biletet er teke frå Besseggen, med utsikt ut over det mørkeblå Bessvatnet og smaragdgrøne Gjende. Foto: Hallvard Østrem/NPK.

Jotunheimen Rundt blei fullteikna på to minutt





Det skriv Sogn Avis.


Rittet byrjar i Lærdal fredag og endar i Sogndal sentrum dagen etter. I år blei rittet fullteikna på to minutt, og har om lag 600 som stiller til start.


– Interessa har aldri vore større, og det kjem framleis førespurnader frå folk som er interessert i startnummer. Vi er stolte, audmjuke og litt skremde over at det er mogleg, men det er sjølvsagt eit kjempekompliment for oss. Vi er glade for å få vere med på å lage denne sykkelopplevinga, seier rittleiar Solveig Nordengen til avisa. (©NPK)