Jølster sa nei til kraftfusjon

Med 16 mot 9 røyster sa Jølster kommunestyre i dag nei til fusjon mellom Sunnfjord Energi og BKK. 



Representantane til Senterpartiet og SV, i tillegg til Pål Befring, Arbeidarpartiet og Svein Årdalsbakke (Krf), utgjorde fleirtalet i røystinga.



Frå tvil til nei

-Det har vore ei vanskeleg sak, og eg har vore i tvil om kva som er rett. Men eg har etter kvart gått frå tvil til å vere i mot, sa Svein Årdalsbakke i debatten om fusjon i kommunestyret torsdag.

Dette var dagen for å ta stilling til den største og viktigaste saka sidan kommunesamanslåinga vart vedteken, som ordføraren sa. Det vart ein sakleg og grei debatt, men fylt av kjensler og til tider også avmakt. Avmakta vart uttrykt frå motstandarane som visste at det heile var avgjort sidan både Førde, Fjaler, Gaular og Hyllestad hadde sagt ja til fusjonen før kommunestyret i Jølster kom til røysting.



Ap og H hadde skifta syn

I formannskapet røysta både H og Ap mot fusjonen, men varsla at dei kunne skifte meining i kommunestyret. Det gjorde dei, og både Kjell Navelsaker (H) og Arve Dvergsdal (Ap) starta sine innlegg med å seie at dei sto overfor ei vanskeleg sak. Begge skrytte over Sunnfjord Energi og Enivest som to gode og veldrivne selskap og viktige samfunnsaktørar.



-Vi har ei betre fusjonsavtale no enn nokon gong, mykje takka vere spørsmål og innspel frå Sunnfjord Ap, sa Dvergsdal. Navelsaker, på si side karakteriserte  finansierina av aksjekjøp som Sp har arbeidd med som "rykte"

-Så lenge her ikkje ligg noko skriftleg på bordet om eit tilbod om finansiering, så kallar eg det eit rykte, sa Navelsaker som også var overraska over brevet som ordføraren søndag sende til SFE med spørsmål om finansiering, og ville vite om han hadde fått svar.

-Det er sjølvsagt klart at grunnen var førebudd før brevet vart sendt. Vi hadde finansiering i boks, og det er beklageleg at ikkje Ap kunne vente eit døgn med å offentleggjere sitt standpunkt. Det kunne endra heile biletet, sa Klakegg som ikkje la skjul på at han var både skuffa og lei seg.



 

Tap av kontroll

Det var ein gjengangar i argumentasjonen til dei som var i mot fusjonen. Det lengste innlegget i debatten kom frå Reidun Støfring (Sp) som sa mykje av det same some som ordføraren har sagt i heile prosessen.

Tap av kontroll over kraftverdiar, sentralisering, flytting av makt og frykt for å bli overkøyrde av storebror i sør. Dette med finansiering av Fjaler og andre sine aksjar var også tema i Støfring sitt innlegg.

-Uttalar vi har sett, om at framtidig utbyte frå Sunnfjord Energi ville gå til å betale renter og avdrag på lånet vi kunne fått, er like mykje påstand som at det ikkje finst god finansiering, sa Støfring som fremja framlegg i tre punkt der det eine gjekk på å seie nei til full fusjon. Det andre gjekk på å gå inn for å fusjunere nettdelen av Sunnfjord Energi, medan det tredje gjekk på å greie ut å opprette holdingsselskap for å kjøpe Fjaler og eventuelle andre kommunar sine aksjar.

Framlegget frå Sp fekk 16 røyster med hjelp av SV, Pål Befring og Svein Årdalsbakke.

Her røystar fleirtalet frå Sp, SV, Pål Befring Ap og Svein Aardalsbakke (Krf) nei til kraftfusjonen
Vi mister kontroll over ein stor og viktig naturressurs, og kva skjer om BKK har bruk for pengar. Kraftverk kan seljast, sa ordførsar Oddmund Klakegg.
Påstanden om at her finst ei gunstig finansiering av aksjar, er rykte så lenge her ikkje er noko skriftleg, Sa Kjell Navelsaker (H)
-Vi har fått ei betre avtale, takka vere Ap, sa Arve Dvergsdal (Ap)