Illustrasjonsfoto: Alf Ove Hansen/NTB/NPK.

Jærmuseet vil dokumentere pelsdyrnæringa

Jærmuseet vil ha pelsdyrnæringa på museum, men på grunn av covid-19 og få attverande farmar, er det vanskeleg å dokumentere næringa.

Jærmuseet i Rogaland ønsker å dokumentere pelsdyrnæringa her til lands, men er litt seint ute. Det er berre ni farmar som framleis driv med pelsdyr i Noreg, og på grunn av strenge koronarestriksjonar, får ikkje pelsbøndene sleppe inn folk på besøk.

No har pelsbøndene lova å bidra med sine eigne filmar, skriv NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pelsdyr har vore ei viktig næring på Jæren. I 2018 bad mellom anna eit stort fleirtal av politikarane i fylkesutvalet i Rogaland regjeringa om å snu i vedtaket om å avvikla pelsdyrnæringa.