Innleigd arbeidar testa positivt

Fredag fekk Brødrene Aa melding om at ein innleigd arbeidar hadde testa positivt ved innreise til landet. Vedkomande sat allereie i karantene og er no sett i isolasjon. Tre andre i reisefølgjet har også vore i karantene sidan ankomst, opplyser verksemda i ei pressemelding laurdag føremiddag.

Brødrene Aa har sidan koronautbrotet starta hatt eit eige beredskapsteam i arbeid, samansett av representantar for bedrifta og dei tilsette. Gruppa har kontinuerleg halde seg oppdatert på koronasituasjonen og iverksett smittevernstiltak.

– Takka vere gode rutinar og eit godt samarbeid med kommunen har vi unngått å få smitte inn i verksemda eller ut i lokalsamfunnet, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa, i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye innstrammingar

Brødrene Aa vil no sjå særskilt på reduksjon i bruken av innleige. Samstundes vil besøk frå norske leverandørar også bli ytterlegare stramma inn. Dette som bidrag til å redusere risiko for importsmitte til landet og regionen.

– Situasjonen vi står i er utfordrande. Vi bygger høgteknologiske fartøy og er avhengige av fagfolk og spesialistar for å halde oppe produksjonen. Samstundes har vi eit ansvar for ikkje å bidra til smittespreiing. Å halde folk både friske, og i arbeid, er eit ansvar vi kjenner på kvar einaste dag, understrekar Tor Øyvin Aa.