Rut Tellefsen (75) vart godt motteken då ho framførte eit timelangt kåseri om sitt tilhøve til Ibsen og hans sterke kvinner, spekka med dramatiske Ibsen-sitat, i Hyekyrkja laurdag.

Ibsenkvinner i Hyekyrkja

Eit fantastisk flott og varmt sommarvêr hindra ikkje folk i å fylle Hyekyrkja for å høyre og sjå den kjende og prislønte skodespelaren, Rut Tellefsen, framføre sitt Ibsen-kåseri i samband med Friluftshelga i Hyen. Og publikum vart ikkje skuffa. Dei fekk oppleve ein strålande opplagt Ibsen-tolkar, som i sine flammeraude ”gevantar”, gav spennande og muntre attendeblikk på sine mange roller der ho har gjeve liv til Ibsen sine sterke kvinner.

Snytt for Nora
Ho gav livfulle karakteristikkar av Mor Åse, Hedda Gabler, Anitra og Den grønkledde, for å nemne nokre.
– Men Nora vart eg snytt for. Ho er jo alle kvinnelege skodespelarar sin draum, og skulle eigentleg vere min avgangseksamen. Men Gerda Ring fekk tilbod om å setje opp ”Et dukkehjem” i Kina, og forsvann med heile oppsetninga dit, fortalde Tellefsen med lun humor og sjølvironi. Ho la ikkje skjul på at det var eit vonbrot for henne, men det var jo så mange andre spennande roller...

Les heile saka i papirutgåva onsdag.