I kjappaste laget på Klakegg

Utrykkingspolitiet gjennomførte torsdag laserkontroll i 80-sona på E39 på Klakegg.

Det vart skrive ut to forenkla førelegg for fart, høgste målte fart var 110 km/t.

To personar vart ilagde bilbeltegebyr og det vart skrive ut fem forenkla førelegg for bruk av handhalden mobiltelefon.