I dag er det fredag den 13. Lever dagen opp til ryktet sitt?
I dag er det fredag den 13, ein dato som av mange blir knytt til uflaks og overtru. Det vil skje ulykker, men neppe fleire enn på andre dagar.
Det er ikkje datoen som sender nordmenn til legevakta, men heilt vanlege fall, brann og små kvardagsulykker, skriv Skadeforebyggende forum (Skafor) i ei pressemelding.
Dei skriv at det er ein myte at det skjer fleire ulykker på fredag 13. Kvart år oppsøkjer rundt 660.000 nordmenn lege eller legevakt etter ein skade. Det svarer til rundt 1.800 personar dagleg.
Tala viser at dei fleste ulykker skjer i eller rundt heimen – og for alle aldersgrupper er fallulykker er den vanlegaste årsaka til skadar.
Skadeførebyggjande forum har som oppdrag å formidle kunnskap om skadar, ulykker og førebygging – og motivere til innsats.
Betre føre var enn etter snar
Medan ein på jobb har reglar, rutinar og HMS, er ein sin eigen tryggingsansvarlege heime. Skafor oppmodar derfor til å bruke fredag den 13. til å gjere ein enkel tryggleikskontroll heime.
– Det handlar ikkje om å fjerne all risiko. Det handlar om å vere litt føre var. Fikse det trappetrinnet du alltid snublar i. Byte lyspæra i trappa. Sjekke at røykvarslaren verkar. Små tiltak kan gjere stor forskjell, seier dagleg leiar Eva J. Vaagland.
Små barn er særleg utsette for skadar og kan til dømes falle frå stellebord, klatre i trapper eller skåldast av varme drikker. Også eldre blir hardt ramma av fall. Risikoen aukar med alder, og hoftebrot er ein av dei mest alvorlege konsekvensane av fallulykker.
Tips til ein tryggare kvardag
Sjølv om fredag 13. ikkje er farlegare enn andre dagar, kan han vere ei god påminning om at mange ulykker faktisk kan førebyggjast. Skafor kjem med fleire tips som kan gjere våren tryggare – mellom anna å sjekke sykkel eller sparkesykkel før sesongen startar.
Eit anna tips er å vaske av filteret i kjøkkenvifta, då feitt er brannfarleg og reduserer effekten.
Test røykvarslarane, sjekk brannsløkkingsapparatet og sørg for at rømmingsvegar er frie for hindringar er også blant dei ti tipsa som blir nemnde. (©NPK)