Gulrot kan lagast på mange måtar, mellom anna kan ho bakast, kokast og etast rå. Foto: Opplysningskontoret for frukt og grønt / Frukt.no

I dag er det denne grønsaka sin dag

I dag er det den internasjonale gulrotdagen – favorittgrønsaka til nordmenn av god grunn.

– Vi er så å seie sjølvforsynt på gulrot og omsetninga av norske gulrøter har auka dei siste fem åra. Noreg ser ein unik oppgang på gulrot, no er norskandelen på heile 96 prosent. Det betyr at det er svært lite import av gulrot, fortel ernæringsrådgivar Iselin Bogstrand Sagen i Opplysningskkontoret for Frukt og Grønt (OFG).

Gulrot er ein av dei mest brukte grønsakene i Noreg og er spesiell fordi ho har så mange bruksområde, skriv OFG.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ernæringsrådgivar Sagen fortel at gulrot i matpakken er perfekt, då ho er ypparleg som eit lite mellommåltid med det høge fiberinnhaldet sitt, som vil halde deg mett lenge.

På middagstallerkenen kan ho serverast på ulike måtar – både bakt, kokt, riven, strimla eller etast som han er. Puttar du riven gulrot i røra eller i deigen når du baker, vil du få ein søt og saftig bakst. (©NPK)