Huset til filosofen Ludwig Wittgenstein i Sogn blir freda av Riksantikvaren. Foto: NTB/NPK.

Huset til austerriksk filosof i Sogn blir freda

Huset til filosofen Ludwig Wittgenstein (1889–1951) i Luster kommune i Sogn blir freda av Riksantikvaren.

I ein bratt skråning i enden av Eidsvatnet i Skjolden står huset som den verdskjende filosofen frå Austerrike, fekk oppført i Noreg i 1914.

No har Riksantikvaren freda huset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Huset vart ført tilbake til sin opphavlege plass i 2019.

– Ved at huset no er gjenreist og freda på sin opphavlege plass, sikrar vi at denne heilt spesielle, internasjonale historia kan opplevast og blir teken vare på, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Fredinga av huset skal sikre heilskapen, og omfattar derfor både eksteriøret på huset, stien opp frå Eidsvatnet og det næraste området rundt.

(©NPK)