Hus treft av jordras i Stad

To personar kom uskadde frå det då huset dei oppheldt seg i vart treft av eit kring 50 meter breitt jordras ved Torheimsvegen på sørsida av Eidsfjorden i 15-tida søndag ettermiddag.

– Dei er ute og uskadde, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Kort tid etter gjekk det eit nytt jordras over vegen litt lenger vest. Dette var 10-12 meter breitt. Det er ikkje meldt at personar eller køyretøy skal vere tatt i nokon av rasa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen blir stengd fram til geolog er på plass måndag føremiddag.

Litt tidlegare søndag gjekk det eit kring fire meter breitt skred på E39 i Skredestranda ved Hornindalsvatnet. Også denne vegen er stengd.