MS Trollfjord er eitt av hurtigruteskipa som kan bli å sjå i Fjærland frå hausten 2021. Foto:Conny-Wunsche/Hurtigruten.

Hurtigruteturistar kan hamne i Jølster

Frå hausten 2021 har Hurtigruten planar om såkalla ekspedisjonsseglingar langs norskekysten året rundt. Desse turane kjem i tillegg til den ordinære kystruta mellom Bergen og Kirkenes.



-Fjærland blir ein av destinasjonane når det gjeld dette opplegget og der vil det vere besøk av Hurtigruta i vinterhalvåret, fortel Hanne Taalesen, pressevakt i Hurtigruten.

Vil hjelpe reiselivet

Dei hamnene som får besøk av desse relativt små hurtigruteskipa, er spesielt utvalde og skipa får lenger liggetid enn det dei tradisjonelle hurtigrutehamnene har.

-Dette gir dermed større og meir spennende mulegheiter,  både for gjestene og destinasjonene Hurtigruta besøkjer. Vi vi håpar sjølvsagt at dette skal være med på å sikre heilårsarbeidsplassar innan reiselivet lokalt.  seier Taalesen.

Kan bli turar til Jølster

Det har ei tid vore kjent at Hurtigruta også har sett på eit opplegg der dei av passasjerane som ønskjer det, kan bli bussa til Jølster og Astruptunet.

Ordførar Oddmund Klakegg opplyste på formannskapsmøtet torsdag at han hadde vore med representantar frå Hurtigruta til  Astruptunet, og at dei signaliserte stor interesse for å ha tunet inn i sitt opplegg. Men på spørsmål om dette, vil ikkje Hanne Taalesen korkje bekrefte eller avkrefte at Jølster er i Hurtigruta sine planer.

-Vi i Hurtigruten jobbar no med detaljane for desse seglingane, kva havner vi skal besøkjee og kva slags opplevingar vi skal skape saman med lokale aktørar. Både på eksisterande og nye reisemål er det utruleg viktig for oss i Hurtigruten å jobbe saman med lokalsamfunnet. Når vi skal skape noko lokalt,  og skape uforgløymelege opplevingar for gjestene våre fra heile verda,  er det viktig for oss å samtidig skape lokale arbeidsplassar og lokal verdiskaping. Det er litt for tidlig å gå inn på detaljar om enkeltutflukter på kvar destinasjon, rett og slett fordi vi jobbar med desse  detaljane, avsluttar Hanne Taalesen.

-Det er kjekt med meir vinterturistar i bygda, seier Hallvard Viken som håpar at butikken på Skei også vil få ekstra besøk.