Hurtigbåtane opplever tøffe tider som følgje av koronasituasjonen. Her to hurtigbåtar til kai i Bergen. Illustrasjonsfoto: Margunn Sunnfjord/NPK.

Hurtigbåtane opplever tøffe tider

Koronapandemien har også råka hurtigbåtane. Det merkar Norled-hurtigbåtane mellom Bergen og Sogn.

– Dette er noko vi skulle vore forutan. Det gjer vondt, vi har tapt veldig mykje, seier Bjørn Egil Søndenå, regionsjef hurtigbåt i Norled, til Sogn Avis.

I Indre Sogn handlar det om Sognebåten mellom Bergen og Sogndal, som har gått kvar dag sidan koronautbrotet. Den andre ruta er mellom Bergen og Flåm. Turistruta skulle ha starta 1. april, men kom ikkje i gang før 24. juni og vart avslutta 17. august, nær halvannan månad tidlegare enn oppsett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi hadde ein nedgang i talet på passasjerar på sommarruta på 80 prosent, rekna opp mot same perioden i 2019, seier Søndenå.

Også Sognebåten mellom Bergen og Sogndal har hatt ein stor nedgang. Søndenå fortel at nedgangen har vore på rundt 35 prosent samanlikna med 2019.

– Vi ser at trafikken har starta å ta seg litt opp att, men vi har framleis ut frå smittevernreglane restriksjonar på kor mange passasjerar vi kan ta med på kvar avgang, seier han.

(©NPK)