Helseminister Bent Høie på koronapressekonferansen onsdag. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Høie: Liv vil gå tapt viss vi slepper smitten laus

Helseminister Bent Høie går til angrep på dei som meiner at koronatiltaka er for strenge. Han åtvarar mot at helsevesenet kan bli overbelasta med auka smitte.

– Viss vi slepper smitten, laus vil sjukehusa bli overbelasta og sjølv bli ramma av smitte. Då vil endå ein gong mange pasientar som har andre sjukdommar, oppleve at dei ikkje får behandling, kontrollar og oppfølging. Helse og liv vil gå tapt, sa helseminister Bent Høie (H) på koronapressekonferansen onsdag.

Den siste tida har fleire sagt at dei meiner koronatiltaka er for strenge i forhold til effekten og alvoret av koronautbrotet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høie viser til at ein lette av koronatiltaka kan gi fleire smitta, og at det igjen kan føre til at tilsette på sjukehusa må halde seg heime under lokale smitteutbrot, slik som i samband med smitten på Hammerfest sjukehus.

– Situasjonen er framleis krevjande i Hammerfest. Der er 15 tilsette og tre pasientar stadfesta smitta, og meir enn 120 personar er sette i karantene, seier Høie.

Fleire pasientar har no vorte sendt til behandling andre stader i regionen som følgje av smitten.

(©NPK)