– Det er framleis mange uvaksinerte i Noreg, og auka smitte blant barn vil auke risikoen for at uvaksinerte vaksne blir smitta, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H). Foto: Ali Zare/NTB/NPK.

Høie: – Kjem nyheiter om vaksinar for barn mellom 12 og 15 år torsdag

På pressekonferansen torsdag vil det komme nyheiter om koronavaksinar for barn mellom 12 og 15 år, stadfestar helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

– De skal få høyre om det, og så må de vente til pressekonferansen for å få vite kva det dreier seg om, sa helseministeren på Politisk kvarter på NRK torsdag morgon.

Statsminister Erna Solberg (H) skal halde ein pressekonferanse om koronasituasjonen saman med fleire helsetoppar torsdag klokka 12.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høie kommenterte òg debatten om smittevernnivået på skulane og avviste at målet er at barn skal bli smitta. Tidlegare direktør Nils Strandberg Pedersen i danske Statens Serum Institut (SSI) meiner dette vil skje med såpass få restriksjonar i skulen som Noreg og Danmark har no.

– Barna blir ikkje spesielt sjuke av korona, han er ikkje farlegare enn ein alminneleg influensa, sa Strandberg Pedersen i Politisk kvarter.

– Det er framleis mange uvaksinerte i Noreg, og auka smitte blant barn vil auke risikoen for at uvaksinerte vaksne blir smitta, sa Høie.

(©NPK)