Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil innføre aktivitetsplikt for alle sosialhjelpsmottakarar, uansett alder. Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.

Høgre vil utvide aktivitetsplikta for sosialhjelpsmottakarar

Regjeringspartiet Høgre ønskjer å utvide aktivitetsplikta for dei som får sosialhjelp, til også å gjelde dei over 30 år. Innhaldslaust tvangsarbeid, meiner SV.

– Alle som får økonomisk sosialhjelp, skal vi ha aktivitetsplikt for, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen til NRK.

– Det betyr rett og slett at vi skal ha krav og forventning om at dei skal møte opp til aktivitet kvar kvardag, seier Isaksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På landsmøtet fredag vedtok Høgre igjen å gå inn for utvida aktivitetsplikt, noko partiet òg har gjort både i fjor og tidlegare år.

– Tvangsarbeid og pisk

SV rasar på si side mot vedtaket.

– Mange går utan oppfølging lenge, og altfor mange blir gitt tiltak som ikkje har kvalitet eller gir noko som helst. Det veit arbeidsministeren godt. Tilsette på Nav seier dei ikkje har tid eller moglegheit til å følgje opp folk, seier stortingsrepresentanten til partiet, Karin Andersen.

– SV er mot innhaldslaust tvangsarbeid og pisk mot folk som slit, konstaterer ho.

I 2017 innførte regjeringa ei lovendring der det blir stilt krav om at unge under 30 år må vere i aktivitet for å få sosialhjelp. To år seinare, i desember 2018, viste likevel tal frå Nav at dette ikkje hadde fått fleire unge sosialhjelpsmottakarar ut i arbeid. Delen som fekk sosialhjelp, låg på same nivå (2,2 prosent) som før lova kom.

Kartlegging

Ei kartlegging i 2019 viste at kommunar som innførte aktivitetsplikt for unge sosialhjelpsmottakarar, ikkje fekk fleire unge ut i arbeid.

Høgre har lenge slegest for utvida aktivitetsplikt, og fredag vedtok landsmøtet å gå inn for at denne skal gjelde alle. Nav skal samtidig få ansvar for å leggje til rette for aktivitetar.

(©NPK)