Høgre-leiar Erna Solberg lovar store skattekutt. Foto: Javad Parsa/NTB/NPK.

Høgre lovar skattekutt på 50 milliardar kroner – 1000 kroner i månaden for folk i jobb

Høgres nye skatteløfte er klart: Folk i jobb skal få eit skattekutt på 1000 kroner i månaden. Og formuesskatten skal kuttast med 21 milliardar kroner.

Publisert

– Å få månadsbudsjettet til å gå rundt, ha råd til ein god middag eller ei oppleving saman med barna, og ikkje bekymre seg for mykje over eigen privatøkonomi burde vere sjølvsagt i Noreg, seier Høgre-leiar Erna Solberg.

No varslar partiet drastiske grep i skattepolitikken dersom dei får makt etter valet. Høgre vil: * Kutte inntektsskatten med 36,5 milliardar kroner

* Kutte skattane for bedriftseigarar med 22,2 milliardar kroner

Tusenlapp i månaden

I pressemeldinga si opplyser ikkje partiet korleis dei tapte skatteinntektene skal dekkjast inn. Når det gjeld inntektsskatten, har Høgre berekna at skattekuttet vil vere på 1000 kroner i månaden for folk i jobb.

– Det betyr 12.000 kroner i lågare skatt for enkeltpersonar, 24.000 kroner for par og familiar. Skatteletten inkluderer både eit stort jobbfrådrag og ein brei skattelette på all inntekt. Partiet vil også innføre null skatt på lønn opptil 150.000 kroner, opplyser Høgre. Vidare vil partiet også innføre null skatt på lønn opptil 150.000 kroner.

Når det gjeld formuesskatten, lovar Høgre eit kutt på 21 milliardar kroner på «arbeidande kapital». I tillegg vil dei gjere endringar i exit-skatten og havbruksskatten. Fullt innfasa utgjer skatteletten for bedriftseigarar 22,2 milliardar kroner.

Slit på målingane

Høgre slit kraftig på målingane for tida. Ein må tilbake 15 år for å sjå like låge nivå som på snittmålingane dei siste tre månadene, ifølgje Poll of polls.

Høgre-leiar Erna Solberg har avvist at partiet er i krise, men har varsla tre pressekonferansar der dei vil leggje fram ny politikk som dei trur skal snu veljarane.

Pressekonferansen onsdag er den første av desse, og temaet er økonomi.

– Det er konkretisering av politikken, med tydelegare klarheit på kva som skal skje dei neste fire åra, sa Solberg til NRK onsdag morgon. (©NPK)

Powered by Labrador CMS