Bensinprisen i mars i år er den høgaste marsprisen som er målt nokosinne. Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Høgaste bensinpris på over eit år

Bensinprisen i mars låg i snitt på 15,59 kroner literen. Det er den høgaste snittprisen sidan februar i fjor og den høgaste marsprisen nokosinne.

I februar i fjor låg snittprisen på blyfri 95 oktan på 15,60 kroner literen, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Sidan november i fjor har bensinprisen auka med over 2 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snittprisen på diesel låg i mars på 14,58 kroner literen. Det er ein nedgang på 15 øre frå februar.

I alt vart det selt 72 millionar liter bilbensin og 244 millionar liter autodiesel i mars. Det er ein auke på høvesvis 10,8 prosent og 7,0 prosent frå mars i fjor.

(©NPK)