Det var fulle kraftmagasin i fjor, og det førte til låge straumprisar. Biletet er frå Zakariasdammen i Tafjord. Foto: Vidar Iversen (CC BY-SA 3.0).

Historisk låg kraftpris i 2020

Det var fulle vassmagasin i fjor, og dermed var også prisen på kraft det NVE kallar historisk låg.

Hausten 2019 og utover i 2020 kom det store mengder snø og regn her i landet. Det gjorde at magasina vart fulle, og produksjonen av kraft gjekk for fullt.

Direktør i Energi- og konsesjonsavdelinga i NVE, Rune Flatby, seier i ei pressemelding at det var rekordmykje snø i fjellet i fjor. Då snøen smelta vart magasina fulle. Det resulterte i svært låge kraftprisar gjennom sommaren og hausten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei anna årsak, fortel han, er at det vart produsert mykje vindkraft både i Norden og i Europa elles.

Det har aldri tidlegare vorte produsert så mykje kraft i Noreg som i fjor.

Det var straumkundar med spotprisavtalar som sparte mest på straumutgiftene i fjor, ifølgje NVE.

(©NPK)