Historisk godbit
Onsdag 4. mars held Gloppen Sogelag årsmøte på Nordfjord Folkemuseum. Etter sjølve årsmøtet byr sogelaget på ein historisk godbit.
Med utgangspunkt i ein biletserie som Ola Nyhagen presenterte på årsmøtet i 2019, vil Aadne Gloppestad ta oss med på ei vandring i gamle bilete frå Øyrane, via Sandane sentrum til Kleivedammen. Her blir det mykje interessant både å sjå og høyre.
Annonse
Arrangementet er ope for alle.
Gloppen Sogelag