Røysting for storkommune Jølster kommunestyre.

Her legg dei ned kommunen

Mot fem røyster sa Jølster kommunestyre torsdag ja til å slå seg saman med Førde, Gaular og Naustdal kommunar.

Jølster opphøyrer dermed som eigen kommune frå 1. januar 2020.

- For meg vil dagen i dag stå som den svarte torsdagen, sa Hildegunn Huus (Sp) før røysting.

Ho har vore ein av dei sterkaste forkjemparane for at Jølster skal halde fram som eiga eining, men etter at folkerøystinga synte eit knapt fleirtal for det motsette, var i realiteten saka avgjort.

Les fyldig reportasje i papirutgåva måndag.