Olje- og energiminister Terje Aasland presenterer tysdag sentrale rammevilkår for utbygging av havvind på Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Havvind-forslag på høyring: Store område skal lysast ut

Regjeringa foreslår eit system for tildeling av lisensar på havvind og ber no om innspel frå bransjen. Store område skal lysast ut i første kvartal neste år.

Planen til regjeringa er å lyse ut første fase av Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord innan utgangen av første kvartal 2023.

– No presenterer vi rammene for tildeling i Utsira nord og dei første områda i Sørlege Nordsjø II. Samarbeid er ein nøkkel for å lykkast, og eg håpar vi får mange innspel i høyringa som no blir send ut. Dette vil setje standarden for havvind i Noreg, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa har ambisjonar om å tildele areal tilsvarande 30.000 MW innan 2040.

– Regjeringa ønskjer tett dialog med havvindnæringa og andre brukarar av havet når utlysingsdokumenta skal utarbeidast, og ber no om innspel til mellom anna prekvalifisering, auksjonsmodell og støtteordning, heiter det i pressemeldinga. (©NPK)